![]() |
Viser arkivet for februar, 2012 | ||
Bystyret handsama 9 februar framlegg til sentrumsplan som no er lagt ut på høyring. I framlegget som er lagt ut, står det at området ved Flora Omsorgssenter skal nyttast til omsorgstenester. Det er viktig å vere klar over at dette bygget og huser kulturskulen vår. Vert planen endeleg vedteke med denne formuleringa, er det tydeleg at kulturskulen sit på oppseiing i sine noværande lokaler. Dette skaper både usikkerhet og utrygghet for arbeidet deira. Dette kan ikkje Ap vere med på.
Ap fremma i bystyret forslag om å endre ordlyden til offentlege føremål for ikkje å utelukke kulturskulen då det pr dags dato ikkje finnast eit reelt alternativ til lokalisering av kulturskulen vår. Dette forslaget var det berre Frp som støtta.
Kulturskulen har fleire ganger siden dei starta opp i 1988 måtte skifte lokaler. Vi meiner at dette kan ikkje fortsette! Vi har fylket sin største kulturskule, og vi har ein svært god kulturskule. Dei fortener betre enn dette, dei fortener gode rammevilkår så dei kan utvikle seg vidare.
Ingen kan spå i framtida. Men det er for oss ei gåte at fleirtalet i bystyret ikkje vil at kommunen skal ha litt meir framtidig handlingsrom i sin eigen plan. Slik planen ligg no, vil ein bevisst «leve» i strid med sin eigen plan til kulturskulen eventuelt får nye lokaler. Det kan verte langt fram i tid.
Det er heller ikkje planlagt at kulturskulen skal vere ein del av samfunnshuset, og posisjonen kunne heller ikkje i bystyret gjere greie for om dei har konkrete planar for lokalisering av kulturskulen. I laurdagens Firdaposten kunne ein overraskande nok lese at ordføraren er klar på at kulturskulen skal til samfunnshuset. Det skal ikkje stå på vår støtte om det finnast gode løysingar for dette, men vi er heilt tydelege på at dette ikkje kan henge i lufta.
Vi registrere likevel at fleirtalet i bystyret har lagt fram eit framlegg til sentrumsplan som kulturskulen ikkje er ein del av. Og vi kjem i neste KUOP til å etterlyse dei planane ordførar presenterte i laurdagens Firdaposten med ein konkret framdriftsplan.
Flora Arbeidarparti, bystyregruppa
Bente Frøyen Steindal
gruppeleiar
Flora Arbeidarparti har fulgt opp vedtak på årsmøtet 8. februar, og oversendt brev til partileiinga i Arbeidarparti, der en ber dei følgje opp Olje og energidepartementet (OED) sitt trasèval for Statnett 420 kV- linja.
Brevet lyder:
Flora Arbeidarparti ber partileiinga i Arbeidarpartiet arbeide for å endre Olje og energidepartementet (OED) sitt vedtekne trasèval for Statnett 420 kV- linja gjennom Flora kommune.
Dei ulike framlegg til av trasèval for Statnett 420 kV-linja gjennom Sogn og Fjordane har vore grundig behandla på ein både god og demokratisk måte gjennom møter i dei enkelte lokalsamfunn, i kommunane, Fylkeskommunen og i Fylkestinget. Og deretter gjennom grundig behandling i NVE.
Etter at Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE), som er faginstans i slike saker, gav konsesjon for trasèen over Endestad – Svarthumle i 2009, har partar i saka ikkje høyrt noko meir frå Statnett, NVE eller OED om saka.
Denne trasèen over Endestad – Svarthumle er støtta av vedtak i Flora bystyre og Sogn og Fjordane Fylkesting.
Vi reagerar difor sterk på at Olje og energidepartementet (OED) sitt trasèval for Statnett 420 kV- linja frå Tonheim- forbi Eikefjord – Storebru – Agledal avvik sterkt frå dette.
OED har her valt eit alternativ som var rekna som uaktuelt etter den prosess saka har hatt gjennom fleire år, og trasèen rammar no fleire av innbyggarane.
Konsekvensen av OED sitt vedtak er at linja kjem nærare busetnad i Eikefjord. Dette sett i samanheng med at stråling frå linja berre er utgreidd ved låg kapasitetsutnytting har skapt uro i Eikefjord. Eit av uromomenta er om Eikefjord barne- og ungdomsskule vil ligge innanfor strålingssona ved full kapasitetsutnytting.
Vedtaket er stikk i strid med demokratiske spelereglar som vi elles forventar vert lagt til grunn for politisk arbeid.
Flora Arbeidarparti går imot OED sitt vedtekne traseval frå Tonheim – forbi Eikefjord – Storebru – Agledal og går inn for NVE sin konsesjonsgjevne trasé via Endestad – Svarthumle, da denne ligg lenger unna busetnad enn OED sitt vedtekne traséval.
Dette vedtaket frå OED må endrast og Flora Arbeidarparti ber partiet sentralt sørgje for at dette vert gjort.
Framlegg frå Flora Arbeidarparti til årsmøte i Sogn og Fjordane AP
Sogn og Fjordane Arbeidarparti krev at funksjonar folkeregisteret tidligare har ivareteke for næringslivet lokalt, vert handsama lokalt.
Folkeregisteret spelar ei viktig rolle når lokalt næringsliv skal skaffe seg nok og kvalifisert arbeidskraft. Mange kystbedrifter og næringslivet i kommunar i Sogn og Fjordane som til dømes Flora, er heilt avhengige av arbeidskraft frå utlandet. Store næringar som skipsindustri, fiskeriindustri og sesongarbeidskrevjande næringar sysselset mange hundre utanlandske arbeidarar kvar dag for at produksjonen skal verte oppretthalden. For å kunne arbeide i Noreg må ein ha identifikasjonskort som er utstedt av folkeregisteret. Dette krev mykje administrasjon frå kvart enkelt firma.
Inntil i dag var det slik at slike id-kort kunne utskrivast frå det lokale skattekontor. Slik er det ikkje lenger. I dag er denne tenesta sentralisert til tre kontor i fylket Førde, Eid og Sogndal. For næringslivet betyr dette enno meir administrasjon i form av reiser med kvar enkelt arbeidstakar til nabobyen. For bedrifter med hundrevis av utanlandske tilsette seier det eg sjølv at dette er ei svært ressurskrevjande arbeid.
I dag er regjeringa opptekne av å forenkle kvardagen til bedriftene. Dette døme tyder på det motsette. Eit servicekontor som er i stand til å oppfylle dei tenestene næringslivet lokalt har behov for frå Folkeregisteret, må vere der behovet er tilstades, vi kan ikkje krevje at næringslivet skal måtte reise etter statens eigne servicekontor.
Framlegg frå Flora Arbeidarparti til årsmøte i Sogn og Fjordane AP
Det er eit mål at asylsøkjarar som har fått opphald i Norge, snarast mogeleg vert utplassert i kommunane. I dag vert det frå staten utbetalt eit tilskot til kommunane det året som utplasseringa skjer, uavhengig av når på året busettinga finn stad. Kommunane veljar då ofte å busetje på slutten av året. Det medførar lenger ventetid i asylmottaka. Sogn og Fjordane Arbeidarparti ber om at gradert tilskot vert innført.
Når ein kommune buset flyktningar så får ein integreringstilskot av staten (IMDI) i dei første fem åra flyktningen bur i kommunen. 210 000,- kr. får ein kommune for ein einsleg vaksen flyktning, første året. Første året får ein mest, og så går det nedover og nedover dei neste 4 åra. Om ein kommune busett i januar eller i slutten av desember (første året), så spelar ikkje det noko rolle for tilskotet, kommunen får den same summen med integreringstilskotet uansett. Difor er det ein økonomisk gevinst for kommunane å busette seint på året, t.d i desember, og ikkje i januar-februar. Dette er det mange kommunar som har skjøna og dei “sit på gjerdet” så lenge dei kan, før dei busett.
Dette gjer til at flyktningar som har fått opphald sit å ventar og ventar på asylmottak rundt om i landet, på å bli busett. Desse flyktningane som har fått opphald tek opp plassar i asylmottak som kunne vore brukt til nye asylsøkarar som har kome til Noreg. Og dei flyktningane som sit og ventar på asylmottak på å kome seg ut i kommunen og kome i gang med norskundervisning og livet sitt her i Noreg dei må berre vente, igjen. Om ein får opphald i januar så må ein mest sannsynleg vente til hausten med å bli busett.