Viser arkivet for desember, 2011

Folkeskikk i folkevalgte organ

Som rimelig ny i det politiske livet var eg i bystyret 13. desember eit sjokkert vitne til at Jacob Nødseth, politisk rådgiver (lønna av mine skattekroner) og leder for Helse- og Sosialutvalget, fra bystyrets talerstol gjekk til eit svært sjikanøst personlig angrep på Arbeiderpartiets gruppeleder, Bente Frøyen Steindal. Etter at han var ferdig å lire ut av seg sine personlige meininger om vedkommende, etterlyste FrP sin kandidat, Frank Willy Djuvik, ordførerklubba. Likevel fekk Nødseth, utan å bli klubba ein einaste gang, fortsette med til tider grove utspill mot både enkeltpersoner og grupper i bystyresalen.

Som medlem av HSU stiller eg meg svært tvilande til at ein leder, som skal ha ansvaret for at innbyggernes helse blir ivaretatt både fysisk og psykisk, står på talerstolen i kommunens høgste organ og mobber andre medlemmer av bystyret. Korleis skal vi ha tillit til at denne lederen vil ivareta innbyggernes helse?

Vi har lov å være uenige. Vi skal være uenige. Men vi skal holde oss for gode til å bruke bystyresalen til en arena for mobbing og skitkasting. Kva vi personlig meiner om den eine eller den andre skal vi holde for oss sjølv! Vi er der for å diskutere politikk og ikkje enkeltpersoner!
Når vi som sit i bystyret har fått velgernes tillit til å ta avgjørelser på vegne av dei, så må vi vise oss den tilliten verdig. Tillit er noko ein gjer seg fortent til, det er ikkje noko en får fordi en vil ha det.
Skal en leder i et så viktig utvalg som HSU få lov til å oppføre seg slik at enkelte medlemmer i bystyret velger å melde forfall til møtene fordi dei ikkje orker meir sjikane?

Bystyret har nettopp vedtatt en oppvekstplan. Eit viktig tema i den var mobbing. Vi gjorde eit vedtak på at kommunen skal forebygge mobbing. Då bør vel posisjonen kanskje begynne i egne rekker.

I dette møtet satt det fleire elevar fra Eikefjord skule på tilhøyrarbenken. Dei var sjølvsagt opptatt av saka om Eikefjord skule, men dei var der også for å lære om korleis demokratiet fungerer og korleis bystyret fungerer. Eg syns det er veldig trist at barn og ungdom skal være vitne til at voksne folk, som skal være deira rollemodeller, ikkje klarer å behandle kvarandre med respekt. Er det dette vi skal vise fram? Er det slik vi ønsker at dei skal forstå lokalpolitikken? Eg blir rett og slett flau!

Ann Kristin Takle Winterthun
Bystyremedlem for Ap og medlem i helse og sosialutvalet.

Ærast den som ærast bør!

I leserinnlegg i Firdaposten torsdag 24.november vil Jacob Nødseth ha det til at det er Høgre og Venstre som skal ha æra for at Krisesentertilbodet ikkje blei lyst ut på anbod. Dette er en sannhet med store modifikasjoner. I hovudutvalsmøtet i helse og sosial tysdag var saka oppe og Jacob Nødset starta saka med å fortelje at Høgre hadde laga eit forslag til vedtak som gjekk på å lyse tenesta ut på anbod. Dette fordi dei meinte informasjonen som var lagt fram fra KS var mest teneleg for kommunen i forhold til reglane for offentlege anskaffelser. Grunnen til at Høgre og Venstre valgte å snu i saka var at det mandag kveld kom eit brev fra

Kai Kruger som heilt klart viste at Flora kommune var i sin fulle rett til å kjøpe tenesta direkte fra

krisesenteret og likevel halde seg innforbi lova. Høgre og Venstre var med andre ord positive til å

konkurranseutsette krisesenteret, og hadde fleirtal for det.

Arbeiderpartiet har heile tida vore klar på at vi ikkje ville sette Krisesenteret ut på anbud, og dette var også vårt standpunkt før informasjonen til Kruger blei lagt fram. Vi har heile tida meint at det å konkurranseutsette krisesentertenestene ville føre til ein risiko i forhold til kvalitet. I tillegg var informasjonen fra KS mangelfull og sjølvmotsigande slik vi såg det. Lova var uklar og ingen visste heilt kva som var best å gjere.

Vi er klar over at all den tid at Høgre og Venstre har fleirtal i bystyret så vil det bli deira “forteneste” når saker går igjennom. Arbeiderpartiet har aldri prøvd å ta æra for at saka fekk det utfallet den fekk. Det er krisesenteret som skal ha æra for det! Og heldigvis for dei kvinnene, barna og mennene som må opphalde seg der, var informasjonen fra Kruger av ein slik art at Høgre og Venstre valgte å snu.

Det er riktig at det var Høgre og Venstre sitt vedtak som einstemmig blei vedtatt. Grunnen til det var at det hadde med dei viktige punkta som Arbeiderpartiet hadde i sitt forslag. Arbeiderpartiet hadde også med eit punkt i forhold til at vi ønskte ein folkevalgt vertskommunemodell, men det blei vi nedstemt på.

Men i det store og heile skal vi være glade for at HSU i denne saka kom til einighet og sikra eit einstemmig vedtak som er til det beste for alle i både kommunen og fylket.

Ann Kristin Takle Winterthun
Medlem i HSU og bystyret for AP