Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Even W., Fjordaglimt, Kystpuls og Mitt Arbeiderparti (torsdag 19. august 2010). Les mer om roperten…

Kalvågsamling 2010 - Kysten i fokus!

Fredag 20. august 2010 kl. 21.00 til søndag 22. august 2010 13.00, Knutholmen, Kalvåg

Flora, Bremanger og Vågsøy Arbeidarparti inviterer til Kalvågsamling 20.-22. august 2010, med hovudtema Kysten i fokus.
Inviterte er medlemer i lokallaga i Selje, Vågsøy, Bremanger, Flora, Askvoll, Solund, Hyllestad, Fjaler og Gulen. Stortingsrepresentantane Tor Bremer og Ingrid Heggø, statssekretær Vidar Ulriksen, fylkesleiar Nils P. Støyva og rådgivar i Sunnfjord Næringsråd Reidar Sandal vil delta på samlinga og også halde innlegg. Otto Igland frå Marine Harvest vil fortelje om næringa sitt behov for Stad skipstunnel.
I tillegg får vi besøk av Maria Hevzy frå partikontoret sentralt og rådgjevar for Arbeidarpartiet si stortingsgruppe Kjetil Hestad. Begge desse jobbar med Arbeidarpartiet sin kystoffensiv. Vi er glade for at dei kjem for å få innspel frå oss i arbeidet med kystoffensiven.
Tema på samlinga vert mellom anna Stad skipstunnel, Kystvegen, oljevernberedskap og næringsutvikling. Og sjølvsagt vert det rom for å diskutere andre aktuelle saker knytt til utfordringane og mulegheitene vi har på kysten.
Dette er andre året Kalvågsamlinga vert arrangert som eit samarbeid mellom Flora, Bremanger og Vågsøy Arbeidarparti, etter å ha vore ein tradisjon for Bremanger Arbeidarparti i ei årrekkje.
Det er viktig at Arbeidarpartilaga på kysten samlar seg om eit slikt arrangement for å gje felles innspel om kva som er viktig for oss. Her har vi ei unik muligheit til å setje fokus på dei enorme mulegheitene vi har i regionen. Samtidig har vi store utfordringar t.d. når det gjeld samferdsle og folketalsutvikling.

Vist 171 ganger. Følges av 1 person.

Kommentarer

Dag to av Kalvågsamlingen. Oscar Bergheim innleier om Oljetransport langs kysten, risiko og beredskap. Det er en eksplosiv auke av oljetransport i nord. Dette er den enkeltfaktoren som i størst grad vil påvirke sårbarheten for oljeutslipp fra skip. Hva betyr dete for oss som bur langs kysten, og hva kan gjøres for å¨forebygge risiko for de store oljekatastrofene?

Vidar Ulriksen orienterer om dei sikkerhetskrava som er til skipstraffik med farlig last. Norge har strenge krav til bruk av taubåt og los forbi risikostrekninger langs kysten.

Ingrid Heggø orienterer om den politiske situasjonen.

Vi diskuterer forenkling, skjemavelde og byråkratisering. Hvor ble det av den “eine døra”? Tvert imot blitt mange mange dører!

Kalvågsamlinga har sendt ei fråsegn til Fylkestingsgruppa om å bruke innsparinger på Bremanger ll til å utbedre strekningen Leirgulen – Bortne

Maria Hevzy fra partikontoret sentralt innleiar om “herfra til 2029” og Kystoffensiven. Hun har vært med på hele Kalvågsamlinga, og vil ta med seg signaler fra samlinga og tilbake til Youngstorget

Kjetil Hestad, rådgjevar for Arbeidarpartiet si stortingsgruppe, orienterer om organiserng av Kystoffensiven

Var du med?

Hvor skjer det?