![]() |
Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt og Kystpuls (tirsdag 24. januar). Les mer om roperten…
I bystyret skal det etter vårt syn være stor politisk takhøgde. Det skal være plass for alle
meininger og til alle representanter, uavhengig om en blir sett på som “tøff”, erfaren, stille
eller fåmelt. Det gjelder uansett kven det er som står på talerstolen eller kven det er som
blir omtalt, men personangrep må aldri bli ein del av debatten.
Alle representanter, uavhengig av kor lenge en har vært med i politikken, har rett og krav på å bli behandla
med respekt! Som møteleiar er det ordførar sitt ansvar for å syte for dette i dei møter han
leder.
Når enkelte representanter vurderer å melde frafall til møter grunna dårleg arbeidsmiljø er
det eit problem for demokratiet som ordførar i høgste grad må ta på alvor.
Ordføraren skal være ordførar både for opposisjon og posisjon Og ordføraren er viktig for
å få til eit godt samspill – i og med at han er i posisjon til å ”slå an tonen”.
En ordførar skal være rollemodell for ønska atferd både på formelle og uformelle arenaer –
og kunne gi tilbakemeldinger i form av ros og korreksjon, som har virkning.
Godt samspill er både avhengig av, og eit resultat av gjensidig tillit. Godt samspill er
dermed noe som man må bestemme seg for å utvikle over tid, og det ligg det ikkje til rette
for per idag og det er synd. Vår oppgåve som lokalpolitikarar er å komme fram til gode
løysingar til det beste for innbyggarane i kommunen, då er vi avhenigig av å ha godt
arbeidsmiljø, både i bystyret, i formannskapet, i utvalga og i andre fora.
Vi meinar at ordføraren snarast må komme på bana og definere klare retningslinjer for kva
som er akseptabel oppførsel i bystyret og kva som ikkje er det. Vi ønsker at det vert lagt
opp til ein debatt om dette, der alle bystyret sine medlemmar har høve til å delta.
Spørsmål 1:
Kva meinar ordførar er akseptabel og ikkje akseptabel oppførsel på politiske arenaer?
Spørsmål 2:
Kva vil ordførar gjere for å betre arbeidsmiljøet i Bystyret for alle representantar?
Karianne Torvanger og Ann Kristin Takle Winterthun, bystyrerepresentantar for Ap
Kommentarer
AP kan vell starte med seg selv? “partipisken” er jo allmenn kjent i partiet !
Ja vi i Ap må også ta ansvar for at vi bidreg til eit godt samarbeidsmiljø med dei andre partia.
Når det gjeld uttrykket “partipisk” er nok det noke som også forekommer i andre parti. Ein kan meine mykje om i kor stor grad representantane i eit parti skal stemme samla eller ikkje. Men i alle ledd i eit demokrati, men det faktisk være sånn at det er eit fleirtall som bestemmer. I saker som står i partiprogrammet skulle det bare mangle at representantane stemmer samla etter mitt syn. Så registrere eg jo at enkelte parti i posisjon har tradisjon for å la representantane sine stemme som dei vil i alle saker. Det kan også være ei utfordring om ein vil framtså som styringsdyktige;)
Ja enig med deg i følgende: "" Men i alle ledd i eit demokrati, men det faktisk være sånn at det er eit fleirtall som bestemmer ""
Så kjem det jo an på korleis fleirtallet framstår, nokon gonga kan jo “fleirtallet” vere einskild, men allikevell “følgje” dei andre med, det er då “partipiska” rir.